Dec 28, 2005

Kvilldal On Ice

Kvilldølingane samlast til ein time på Litla Jåvatnet.
Herlig oppleving, med stålis og knakande lydar.
Klara og Sigrid øvde seg på flotte piruettar,
Ingunn kom med sitt herliga julesnop.
Godt med litt bensin!
Og me her i Bjørkly gjorde så godt me kunne utpå isen.
Ingen dramatiske fall! Berre nokre gnagsår!

Mor ventar med pinnakjøt og lasagne.
For ein herlig fjerda juladag!

Dec 26, 2005

Me jular oss

Eit herlig kaldt ver her i Kvilldal, og me har vore i Gardsenden i juleselskap i kveld. Der kjem tante og onkel inn kvart år (6. året på rad i år) og feirar jul i hytta si. Åh, så kjekt d må vera, tenke eg. Så me får koma der og eta litt god mat samen m dei. Heldige me!

Her e familien Bjørkly på vei bort til Gardsenden. Ser dokk lys i vinduå? I jår va heile gjengen her hjå oss, og då va me 18 til middag. Mor va litt redde for at me ikkje sko ha nok middag t alle, og jordeplene kokte helste sundt lenge før dei va ferdige, men alt gjekk bra, som vanlig. Det pleie å ordna seg til slutt.

Ja, må jo sei at me va i kyrkja i jår, 1. juledag, som tradisjon e. Mange folk å helsa på!
Her e min litlebror m søskenbarnet vårt, Asle... Lure på kæ dei tok seg t når d vart for masse voksenprat nere i stovå. Dei fant seg ein godkrok på låftet, der nye spel vart prøvt ut.

Her i Kvilldal e d slekt og venner på alle kanter, og sjøl om det kan vera eit puslespel å finna tid til alle juleselskapå, så finn me nå roen også. :) Tid til å lesa Knoll og Tott, og tid til å prøva julegåver.
Latter e også noko som høyrer julå til! Har nokre ekspertar til å spre godt humør rundt oss her i bygda!

God jul til alle!

Dec 18, 2005

Gløgg eller kakao


E me ikkje nydelige? :) Nå har eg endelig komt meg t Bergen på besøk t Irene. Har våre ei kongehelg t nå, men d har våre litt vel kaldt ute. D hindra oss derimot ikkje t å stå i kø i ein time for å få med oss ein gratiskonsert med Vamp og Herborg Kråkevik. Alle så ville konne få gløgg mens de vente, så eg slo t å tenkte at d va varmt å godt, trur eg bør tenka øve at eg ikkje like gløgg neste gong :)

Elles så har eg lert at for 25 kroner så får me ein knakanes god cookie og to koppar kakao på 7-eleven. Kanskje d e derfor me ser ut som om me vil spy? T slutt så bare lure eg på om d e nåken så har sitt The Ring? D va nemligt ei jenta som stoppte opp å stirre på meg, eg ligna visst på ei i frå den filmen?

Dec 12, 2005

LUFTSLOTT

Ja, kæ betyr nå egentlig det?

Må rett og slett koma med ei lita anbefaling.
Til dei som har lyst å koma seg litt ut og oppleva litt meir kulturelle ting:
Lån deg ein GPS på Hordaland kunstsenter (ut mot Nordnes), og så tar du deg turen rundt om i sentrum på leit etter kunstverk. Når du nærmar deg eit mål, vil GPS'en spela musikk for deg. (Ukjent kva sort musikk det er...)

Dersom du har god utsikt, eller rett og slett ofte har utsikt mot Sandviksfjellet, så bør du vera litt obs på at nokre Hollywood-lignande ting vert montert opp snart. (Om dei då ikkje allereie er kome på plass.) Kva kjem det så til å stå på fjellsida? (Her kan du som lesar koma med forslag...stikkord: Arne Rygg)

Men: kjellaren på Hordaland kunstsenter er verdt å sjå.

Dec 5, 2005

Folk eg like å henga med...

I SULDAL ER EG HEIME...


Føle bare eg må oppklara ein ting: Det er Suldal som er heima for meg! Stavanger er faktisk 3, av og til 4, timar vekke frå Suldal. Og for å vera litt meir presis; Kvilldal er mi heimbygd! Dei som ikkje har vore i Kvilldal skal få lov til å sjå eit bilde av huset vårt, neri Bjørkly.

Kvilldal er ein populær plass. Nabogarden vår, Øystad (skogen "vår" høyre faktisk til denne garden), er no blitt solgt for meir pengar enn eg tore å skriva her...

Og til dei som ikkje har vore i Kvilldal ennå: Dokk e hjertelig velkomne der! Ska få is og graut av far!!! (Tåre faktisk å lova dokk det.)

Så, når eg nå har sagt det, så vil eg bare sei at eg fekk vore på juleshopping i Stavanger. Er i alle fall kome i gong, nå. Det er herlig. Desverre vart det ikkje nokon konsert på oss, sjøl om me faktisk tok i døra til Imi-kyrkja. Hjelpe ikkje det, når det heng lapp på døra at konserten er avlyst... KÆ SKJER!? Kan jo jaffal gi oss ei forklaring...

Litt irritert for tida, men det er enkelte lysglimt som gjer kvardagen min veldig bra for det om!

Nov 25, 2005

X-mas is coming....

Ja, i desse tider går me rundt og småsynge på enkelte julasongar, men må nå sei at denne songen som eg har klart å putta inn her er ein julesong eg tar med meg året rundt. So sweet! Nokon som veit kva film den er henta frå?
-
Elles må eg sei at det er storproduksjon av Pepparkakehus, i Pepparkakelandsbyen, der Pepparkakehusa får fine, små, røde bær plassert fint på taket, og der Julenissen kjem flygande ner som ei hand, og den delte ut ein liten kvalp til meg. Elles så har Pepparkakefjellet blitt til Pepparkakehaug, fordi ei Pepparkakedame bygde hus på fjellet... Dersom du er ein av dei som ikkje fattar nokon ting nå, så får du ta deg ein tur til Knarvik Barnehage.
-
"Who Would Imagine A King"
-
Mommies and Daddies always believe T
hat their little angels are special indeed
And you could grow up to be anything
But who would imagine a king?
-
A shepherd or teacher is what you could be
Or maybe a fisherman out on the sea
Or maybe a carpenter building things
But who would imagine a king?
-
It was so clear when the wise men arrived
And the angels were singing Your name
That the world would be different coz you were alive
That's why heaven stood still to proclaim
-
One day an angel said quietly
That soon He would bring something special to me
And all of the wonderful gifts He could bring
Who would imagine
Who could imagine
Who would imagine a king?

Nov 20, 2005

Sang til Audi, Marit og Tove



mel: Livet er for kjipt!

Sitter her aleine,
har god tid for meg selv.
Leser litt i bladene
og drikker mye vann.
Hadde vondt i hodet,
men jeg er bedre nå.
Spiser brød med pålegg på,
og raper lite grann.

Helga er for kort -aha
Tida flyr i fra meg
Helga er for kort -aha
Jeg vil så gjerne bli!

Føler meg som hjemme,
har gjort det lenge nå.
Vil så gjerne takke for
at jeg kan være gjest.
Her er mat til alle,
Humøret er på topp!
Dere jenter klarer å få
til en hverdagsfest!

Helga er for kort -aha
Tida flyr i fra meg
Helga er for kort -aha
Jeg vil så gjerne bli!

Nov 13, 2005

Kom deg ut!

Eg sat ute på cafe med nokre venner... veret va bra, intet regn! Så kom det ei dua og satte seg på tallerkenen til venninna mi. Snakk om frekkhet!

Eg sat framleis på cafe med vennene mine, og då va det at ein mann fanga eine dua. Han hadde heile merksemda vår. Kva skulle han med den? Så då va plutselig ein stor hjelpeaksjon i gang. Gaffel, lighter og fingrar vart sett i sving til å prøve å få av noko som hadde snurra seg fast i eine foten til dua... Til slutt måtte eine servitøren finna fram ei saks (kjøkkensaksa). Fuglen var fri!

Så vart det litt kaldt, og regndråpane gjorde seg plagsomme... Me gjekk!

Elles har eg sett ned i eit hovudkutt i dag. Ca 1 1/2 cm langt, og 2 mm breidt. Trur det gjekk bra! Kunne hatt bruk for slik nymoderne plaster, kanskje.

No er helga over, og eg har faktisk snakka med far i dag! (før han hadde stått opp skikkelig)

Nov 12, 2005

Konsert-anbefaling

SOUL of Christmas
Konsert 3. desember kl 20.00
IMI-kyrkja i Stavanger

Kor90, Inger Lise Rypdal og Knut Anders Sørum (m/fleire)

Eg skal!!!!
Skal du?
Og du?
BLI MED!

Billettservice.no har meir info om pris...

Nov 10, 2005

Michael and Christian


Look at these two!
Good friends!
The youngest one likes to sleep with french fries in his mouth.
His question to the oldest one: "Where did you park?"
The oldest one spends his time on the ice. (And he is really good!)
We love his new WISCONSIN-sweater.
Next time we're in Milwaukee we'll go shopping some more, I guess.
One more thing:
Christian used to sing along with Sigvart Dagsland...
"You're Norwegian is really good!"

Nov 9, 2005

Nokre store steg att...


... og så er jula her!

Eg har begynt å laga adventskalender, men julegåvene har eg ikkje tatt med i tankane mine enno... Me har vokse opp med pakkekalender heima, dei hang på ein snømann, og sidan me er 4 søsken, fekk me då 6 pakkar kvar (eller egentlig 7...). Dei hang på ein julenisse... Ja, har vel aldri trudd på julenissen. Det kjekke (?) va jo at me søskena alltid fekk dei same tinga, så slapp me å krangle om kalenderpakkane, i alle fall. Veldig bra mor og far!!!

Mor (litt usikker på kor engasjert far er/var i dette) har eit år att å laga pakkekalender. Avtalen er at me får kalender til me er ferdige med vidaregåande. Astrid og Kjetil er så heldige... (eg e sikker på at dei har fått vore med på dette fleire år enn oss. Kæ tid byrja me egentlig denne tradisjonen?)

No, sidan Synnøve og eg er voksne, har me sjølv fortsatt med tradisjonen... Syns me har laga ein flott tradisjon!

Nov 3, 2005

Halloween e øve... i Oslo er det også regn!

Her har du då altså eit typisk amerikansk pumpkin-marked utafor Sendik's... Steikande varme i september hindre visst ingenting. Ja, då er det anna med veret i Oslo... Då blir ein inspirert til å kjøpa bøker og gå på loppemarked, etter å ha hatt ein fæb frokost på opent bakeri. (Kan anbefalast... the atmosphere....)

Lure forresten på om eg ser yngre ut i Oslo enn her... Der lure dei på om eg kvalifisere til rabattar av ulike slag... student? (greitt nok, hadde vore ein stor fordel til tider...) eller om eg er under 20? (ærlig talt... finst det ei slik grense også? for meg og søster mi?)

Fangsten på loppemarked:
*3 nøster stilig gadn
*2 par strikkepinnar
*to par briller... just for fun
*eit stykke grønt stoff

Åh- glømte jo mest å seia at eg har prøvd meg som pizzabud.... express... SÅ KJEKT!!!

Oct 10, 2005

Hausthelg i Kvilldal



"Først lenge etterpå, når det er for seint, vet man hvilke år som var de lykkelige."

(Per Anders Fogelström)

Er dette sant???

Uansett, søskena Bjørkly var nok ein gong samla heime hjå mor og far. Me fekk nyta eit herleg haustver, og det var godt å få i litt av mor sin herleg mat. (Me to eldste drog med oss eit lite lager også... eller, va vel meir natur-mat, det.. pærer og blåbær...)

Dette sitatet er til mor: "Man kan alltid spise pai." (frå filmen "Pulp Fiction")

Plops... uti vatnet. Eg fekk faktisk muligheten til å bli litt irritert då eg skulle prøva å kryssa åno, for så å finna ut at steinane ikkje var heilt tørre og skoa mine ikkje var ruglete nok under... Så der sat eg, med hendene opp for å hindre at gåva til 2-åringen ikkje skulle verta blaut...

Pang... Astrid og eg var midt i elgajaktå.... føltes i alle fall slik. Me frøys til, og fant ut at det var best å synga høgt. (Men Astrid hadde jo allereie fortalt heile verda at me var i skogen då ho trødde ein halv meter ned i ei myr...) Ikkje sant, Astrid? Me er lure!

Sep 3, 2005

Tur til Vaulen


Nå e me endeleg samla igjen! Ein flotte seinsommardag hjå Synnøve.
I mårå ska Irene & Synnøve reisa til USA.
God tur!
Irene says: Lykke t m lappen Astrid og Kjetil... 17, going on 18!!!

Aug 30, 2005

USA, here we come.... WEHEY!

4. september er det langtur for Synnøve, Irene og Tussi. Dette blir kjekt! Skal få prøvd å legga ut litt bilder frå turen når me kjem attende i slutten av september. Me gler oss, og det er jammen meg bra at tida her går fort akkurat nå.

Washington D.C, Milwaukee, South Dakota, Island... hehe... me tar ein liten rundtur med Ford'en min! Supert! Bumpy bumpy!

GRATULERA OLE TERJE!

Jul 26, 2005

Lykke på heiå!


Ja, det har visst vore lite aktivitet på denna siå i det siste. Huff, huff! Og nå som sommaren snart er øve for min del. Prøve å få med meg mest mulig nå, før eg må reisa frå Kvilldal.

Har vore ute å fiska!!! Astrid, Kjetil og eg va på heiå i helga. Eg fekk fisk på 7. kastet (eller kanskje det var åttande). Uansett, det smakte kjempe godt med nysteikt fisk på heiå. Va oppe med Stemmavatnet, og var egentlig godt fornødd med fangsten vår. Kjetil fekk jo også ein fisk. Tross alt litt mindre enn Irene sin, men smakte akkurat lika godt. (Nøye meg med å visa den eine fisken fram...)

Jul 14, 2005

Suldalsvatnet


Å halde seg nært til vatnet er noko av det som høyrer sommaren til her i Kvilldal. Då kan det frista å prøva seg litt på vannski, og det gjer godt med ein tur utpå (i alle fall akkurat det og då).

Elles kan eg jo frista med at dessert smake nydelig ute i fri luft. Her ein dag tok me med oss ein isboks og dei første "heimelaga" jordbæra til Vikjo, og sov middagskvilen på "humpete" berg og nyklypt gras. Då hadde me det godt og kvart sekund av dagen vart "slukt".


Er jo elles godt å kunne treffa folk ute også. Så snart sola kjem fram vert det liv på brygga. No, når regnet har kome, er det meir inneaktivitet. Men jordbæra smakar framleis godt, og i dag fekk me rabarbra-suppa til dessert.

Forresten er det mykje god mat rundt omkring i Suldal. Fekk pizza i barnehagen i dag. Mange glade fjes rundt bordet då!

Jul 10, 2005

Helgetur til Vikjo


To bilar klarte å forvilla seg inn til Suldal og Vikjo. Veret var fantastisk fint, og laurdagen fekk me anledning til å stå på vannski. Super båt du har, Bjarne! Den må me jammen skryta litt meir av. Elles trur eg dei fleste sov godt i sengene i Vikjo, og oppvasken gjekk unna!

Sola steikte og me nøyt helga. Herleg å kunne ha frokost og middag ute! Erik fekk ein flott fisk som me grilla om kvelden. Smakte kjempe godt, eller kæ Erik? Fleire av innbyggarane i Kvilldal kom til grillinga og haldt oss med lag. Til neste år blir dette ein tradisjon.

Så koselig at Melinda også ville koma til Kvilldal, på sitt aller første besøk til Norge! Så fekk me andre prøva oss litt på engelsken! :)

Nå sitte eg å lure på om guttane finne veien tilbake. Var det til venstre eller høgre? Til Gullingen? Koss finne me ner til vatnet? Er vel lov å le litt av det! JA-HAU!

Regnet måtte jo koma, men det vart uansett ei kjempe koselige helg! Dokk er hjertelig velkommen tilbake ein annan gong! Kan laga kart til dokken då!

På besøk til Bakka-jentene















På torsdag vart Synnøve og Irene invitert opp til Sigrid sitt hus på Bakka, der ho har pussa opp stova. Kjempe bra jobba! Me koste oss, og fekk tatt nokre group-pictures!

Bakka-jentene er utrulige til å få det til, så koselig å vera med dei i hus, og så har dei alltid snacks å by gjester på.

Lykke til Sigrid, når du snart flyttar heim!

Jul 6, 2005

Kamilla og Tyven

Den 22. august må alle koma seg til ein eller annan platebutikk!
  • "Kamilla og Tyven" kjem ut på DVD!
  • Morten Harkets tittelmelodi frå "Kamilla og Tyven" gis ut som singel!
Trur "Kamilla og Tyven"-filmane er dei beste filmane Noreg har kome med. (Irene si meining)

Jul 5, 2005

------------------------ Max sommar ------------------------

Eg kave med å finna ei behagelige stilling i hengekøya
- for så å ligga der fleire timar i strekk
Eg drar inn den sterke lukta av gras
- og så nyse eg tri gonger i strekk – dagen lang
Eg drasse på ei bok
- og lar den farga den allereie blå dagen
Ingen utgifter

Eg legg meg så på ein luftig trampoline
- og kjenne at håret flyr
Eg får ein trong til å skriva brev
- men har ikkje noko å fortelje om
Eg drasse på ei ny bok
Ingen utgifter

Jul 4, 2005

Fridag


Fekk fjolla ganske masse i kveld, då Solfrid og Ingunn tok turen ner t Bjørkly. Me spelte ein runde Visionary, og du kan tru dei va engasjerte då. Trur nok det trilla ein del tårer i kveld... GODE TÅRER!

Kjetil og Irene har elles hatt seg ein fine tur til Haugesund saman med farmor. Ikkje verst med ein bytur! Ganske masse å sjå på, både av folk, bilar, skilt og natur (på veien).

Jul 1, 2005

Litt forskjellige størrelsar...


...ein tjukk og liten, blant dei slanke, lange....

HERLIG VER


Så er sommaren kome med eit mykje betre ver til Suldal også!
Solbrent av å vera i barnehagen, men det er bare eit godt teikn!
Herlig å kunne vera ute om dagane, sjølv om ein jobbe!
Tvillingane prøvde forresten vannskia sine her om dagen, men det gjekk desverre ikkje heilt slik som det skulle... Treng større motor!

Koss e stemningå ute i landet? Fleire som ete is fleire gonger dagleg eller? Håpe ikkje bare d e her i Kvilldal!

Jun 26, 2005

Søndagstur i Kvilldal

Åh.... så skjønt! Til songar av Coldplay og Vamp va me ute på ein herlige søndagstur! Laga oss betasuppa på skikkelig bra bål, og plukka nydelige blomar. Det var Klara og Sigrid som drog meg og Synnøve med ut på den fantastiske turen. Sigrid raste av garde i kajakken sin, medan me tre andre tok det litt roligare. Bra underholdning, Klara!!! Det er ikkje mykje som slår ein skikkelig søndagsstur på Suldalsvatnet.

Og så var det jo koselig å kunne vaiva til resten av familien Steinbru som kjørte forbi oss i ein litt raskare båt...

Wæ... feeling dizzy...

St.Hans i Stavanger


Kven andre fekk med seg denne bra konserten?
Kunne det ha vore eit betre ver?
Trur ikkje det var nokon som angra på at dei tok turen innom Viking Stadion St.Hans.
R.E.M hadde show på scenen, publikum hadde sitt eige show rundt om på banen, og Mew var fabelaktige før sola sakte men sikkert lot hovudfokuset vera på R.E.M...

Jun 23, 2005

Sommar-KRIK, og St. Hans

I dag e det St. Hansaften, og i går gjorde me klart bålet i Vikjo. Då bålet var ferdig måtte me ha ein liten leiteaksjon itte Astrid, hu hadde nemleg sove mens me var i vikjo. Dette va ca 25 min før KRIK sko starta, og Astrid hadde gått frå internett på, og utan mobilen med seg. Det blei ganske hektisk før me kom oss ner t KRIK, ca 10-15 min for seint. Det viste seg at Astrid hadde vore på ein liten tur ner t vatnet, og på grunn av at me hadde tatt ein tur opp t Stuv for å henta Solfrid, og ein tur ned til farmor, så kunne Astrid og bli med på KRIK. Kanskje litt vanskeleg å forstå alt detta eg har skreve for dei som ikkje var med på det, men det va iallefall møkje så skjedde på kort tid, nåke som ellers e gankse uvanlig i Kvilldal. Her pleie tiå å strekkja t!

Det var 10 som møtte opp på KRIK for 16+ i går, blir nok fleire seinare. 50% av desse va frå Kvilldal, og me har endå fleire å stilla opp med.


Såg og siste episode av lost i går, nådde ikkje den føste på grunn av KRIK. Leste i dag at me sannsynligvis må venta minst t Oktober på dei nye episodane. Vil og meddela dokken at Viking slo Vard i cupen, 3-0 i Haugesund. Eg e klare for å slå Lillestrøm på heimabane i 4. runde.

Jun 20, 2005

Gratulera med dagen, far!

I dag skal far feira 100 årsdag! Kan jo røpa at han ikkje skal feira denne dagen aleine… Godt er det! Gratulera med dagen, far!!!

Far Steinbru Posted by Hello

”JAAAAA” Når bror min ropar det, veit eg det er noko viktig som har skjedd…. Eg hadde vel kanskje litt feil i dag, då han kom og fortalte meg at frå 1. august av får me to nye Disney kanalar…

Eg har fått bekrefta enno ein gong i dag at bror min vert umogleg når han har fjolla. Då er det til dømes heilt umogleg å fortsetja å spela med han. Men ein stor fordel er at han mister mykje av sine krefter når han ler. Det går jo an å utnytta det…

Jun 19, 2005

Astrid, Synnøve, Irene og Kjetil Posted by Hello

Sjå den utsikten!

Kvilldal in June Posted by Hello

Dette er dagen i dag, 19.juni, tatt frå Kløvsbekken. Astrid og Irene hadde seg ein flott tur, og fekk nyta litt av varmen som kom til bygda vår. Men kor lenge skal me venta på ein bra temperatur i vatnet? Ligg vel på rundt 8-9 grader der.... BRRR....

Helge Torvund sine ord

Når du ikkje er heime ser eg etter deg
i kjøleskapet

og i kjøkkenskapet
men finn berre yoghurt og sjokolade

Eg prøver å lesa i den vakre boka
men vert forstyrra

av ei fluge som surrar i ei krå
av hjernen

Eg har så god tid når du er borte
men tida er ikkje god med meg

Ho spring kring meg og kviskrar
"Du får ikkje gjort noko

Alle planane går i vasken
Du surrar og stirar og går frå det eine

til det andre
men har gløymt kva det var"

Kan du ikkje koma heim
og kyssa det vekk