Jun 19, 2005

Helge Torvund sine ord

Når du ikkje er heime ser eg etter deg
i kjøleskapet

og i kjøkkenskapet
men finn berre yoghurt og sjokolade

Eg prøver å lesa i den vakre boka
men vert forstyrra

av ei fluge som surrar i ei krå
av hjernen

Eg har så god tid når du er borte
men tida er ikkje god med meg

Ho spring kring meg og kviskrar
"Du får ikkje gjort noko

Alle planane går i vasken
Du surrar og stirar og går frå det eine

til det andre
men har gløymt kva det var"

Kan du ikkje koma heim
og kyssa det vekk

No comments: