Dec 26, 2005

Me jular oss

Eit herlig kaldt ver her i Kvilldal, og me har vore i Gardsenden i juleselskap i kveld. Der kjem tante og onkel inn kvart år (6. året på rad i år) og feirar jul i hytta si. Åh, så kjekt d må vera, tenke eg. Så me får koma der og eta litt god mat samen m dei. Heldige me!

Her e familien Bjørkly på vei bort til Gardsenden. Ser dokk lys i vinduå? I jår va heile gjengen her hjå oss, og då va me 18 til middag. Mor va litt redde for at me ikkje sko ha nok middag t alle, og jordeplene kokte helste sundt lenge før dei va ferdige, men alt gjekk bra, som vanlig. Det pleie å ordna seg til slutt.

Ja, må jo sei at me va i kyrkja i jår, 1. juledag, som tradisjon e. Mange folk å helsa på!
Her e min litlebror m søskenbarnet vårt, Asle... Lure på kæ dei tok seg t når d vart for masse voksenprat nere i stovå. Dei fant seg ein godkrok på låftet, der nye spel vart prøvt ut.

Her i Kvilldal e d slekt og venner på alle kanter, og sjøl om det kan vera eit puslespel å finna tid til alle juleselskapå, så finn me nå roen også. :) Tid til å lesa Knoll og Tott, og tid til å prøva julegåver.
Latter e også noko som høyrer julå til! Har nokre ekspertar til å spre godt humør rundt oss her i bygda!

God jul til alle!

No comments: