Dec 5, 2005

I SULDAL ER EG HEIME...


Føle bare eg må oppklara ein ting: Det er Suldal som er heima for meg! Stavanger er faktisk 3, av og til 4, timar vekke frå Suldal. Og for å vera litt meir presis; Kvilldal er mi heimbygd! Dei som ikkje har vore i Kvilldal skal få lov til å sjå eit bilde av huset vårt, neri Bjørkly.

Kvilldal er ein populær plass. Nabogarden vår, Øystad (skogen "vår" høyre faktisk til denne garden), er no blitt solgt for meir pengar enn eg tore å skriva her...

Og til dei som ikkje har vore i Kvilldal ennå: Dokk e hjertelig velkomne der! Ska få is og graut av far!!! (Tåre faktisk å lova dokk det.)

Så, når eg nå har sagt det, så vil eg bare sei at eg fekk vore på juleshopping i Stavanger. Er i alle fall kome i gong, nå. Det er herlig. Desverre vart det ikkje nokon konsert på oss, sjøl om me faktisk tok i døra til Imi-kyrkja. Hjelpe ikkje det, når det heng lapp på døra at konserten er avlyst... KÆ SKJER!? Kan jo jaffal gi oss ei forklaring...

Litt irritert for tida, men det er enkelte lysglimt som gjer kvardagen min veldig bra for det om!

No comments: