Jul 14, 2005

Suldalsvatnet


Å halde seg nært til vatnet er noko av det som høyrer sommaren til her i Kvilldal. Då kan det frista å prøva seg litt på vannski, og det gjer godt med ein tur utpå (i alle fall akkurat det og då).

Elles kan eg jo frista med at dessert smake nydelig ute i fri luft. Her ein dag tok me med oss ein isboks og dei første "heimelaga" jordbæra til Vikjo, og sov middagskvilen på "humpete" berg og nyklypt gras. Då hadde me det godt og kvart sekund av dagen vart "slukt".


Er jo elles godt å kunne treffa folk ute også. Så snart sola kjem fram vert det liv på brygga. No, når regnet har kome, er det meir inneaktivitet. Men jordbæra smakar framleis godt, og i dag fekk me rabarbra-suppa til dessert.

Forresten er det mykje god mat rundt omkring i Suldal. Fekk pizza i barnehagen i dag. Mange glade fjes rundt bordet då!

2 comments:

Ragnhild said...

fra i mårå tidligt blir det bare fint ver...for då komme me!:) (men regntøyet e pakka ner i kofferten...for sikrings skuld)

Ragnhild said...

snart på tide å skriva noge nytt her?:) sånn at eg har noge å lesa på...