Dec 29, 2006

GRATULERA MED 50 årsDAGEN, MOR!
Så ska me kosa oss med julaselskap her heima i dag,
og mor får vel tid t å dilla litt m den nye mobilen sin!
Alltid kjekt når det blir litt sånne feilsendte meldingar +++ i begynnelsen.
Elles e alle heima her, og Kjetil fekk notå i grauten i jår...

Dec 27, 2006

Julastemning frå Stavanger


D e nå litt julastemning sjølv om snøen manglar...

Dec 24, 2006

Bjørklygjengen feire jul


På litlajulaftan måtte me t m å laga julesnopet vårt. Mor har gått og mast om d lenge, men d va opp t oss små kæ sortar me ville ha. Far, Astrid og Irene laga t peppermynten, mor tok seg av karamellane (feite, men dess betre) og Kjetil støvsugde som aldri før.

På julaftan, altså i dag, va tante bortom (tradisjon her), og hu røpte faktisk ikkje nåken julagavar i år... eller?

Som ein familie har me sett "Jesus og Josefine", og elles har me slappa av på denne dagen. Gavane e komt unna julatreet, og mor e visst den som e mest spent på gavane. Trur hu har gjort nåke lurt, for det står "Til Arne, Frå Diplomnissen" på ein firkanta pakke... Kæ kan det vara?

Ønske alle ei skikkelig goe jul!

Me tenke masse på Synnøve i dag, som akkurat nå springe rundt og stikke folk på sjukehuset i Stavanger. Blir kjekt å få deg heim4. juledag.
Nå skyte dei julå inn her!!!! Pang - pang - pang!

Dec 6, 2006

Gratulera med leilighet!

Idag har Irene flytta inn i ny leilighet i Sandviken i Bergen!
Gratulera så møkje!
Hadde i grunnen tenkt å få ein blomsterbutikk til
å komma med ein gratulasjons orkidè til deg, si det e favoritt planten min..
Og kjeme til å passa utruligt godt i dei flotte vindua dine..
Men, så ombestemte eg meg...
Du får heller få ein orkidè når eg kjeme på besøk itte nyttår ein gong..
Så blir det i allefall ein så er fine.
(Bildet er i frå bryllupet til Arnfinn og Torborg, så va i helgå. Rune og Irene er nå jammen eitt fint par! :) )

Nov 28, 2006

Meg og Mini-Anne


Me tar oss bra ut, Mini-Anne og meg.
Hu lere meg å tella t 30, og så 2.
D kan vera ganske så avgjerande.
Rett og slett kan det vera forskjellen på liv og død...
Håpar aldri eg får bruk for å praktisera det hu Mini-Anne har lært meg.
Men, om eg nå får bruk for det, skal eg i allefall vera klar...
Har dokken lært det eller?
(Du Anna e vel førebudd? Hørre rykter om at du lese på bloggane.. Kjekt å høyra! :) Likte du detta innlegget eller?)

Nov 22, 2006

O2-test!

 Nå har me hatt vår andre O2-test. Resultatet på den første prøven var 56,6. Samanlikna med gjennomsnittsresultatet til dei som skal til førstegangsteneste som er 50-52 så var jo det ikkje så verst. Resultatet ligg vel og innan det som blir kalla bra utholdenhetstrent. Sidan denne første prøven tidleg i november har me hatt ein del intervalltrening for å prøva å forbetra resultatet. Og i dag sko me få sjå om me hadde forbetra oss noko. Alle elevane hadde auka opptaket. Eg fekk 60,8 og har kommt meg inn i gruppa for godt utholdenhetstrente!! Og ligg ikkje langt bak elite-fotballspelerane som ligg mellom 63-70. Denna treningå har i tillegg gjort meg mesten 3 kilo lettare.

Nov 14, 2006

Storesøster på ferie.



Storesøster har hatt ferie, og det ein herlige ferie.
Medan det har regna og regna her på vestlandet, har eg kosa meg i herleg haustver! :) Flotte dagar i Oslo og Trondheim, med kaféturar, fototur, shopping, quiz og lått og løye. Bare så synd at veka gjekk så altfor fort... Gledar meg allerede til å treffa gjengen igjen i Oppdal til sommaren! Hurra!

Nov 9, 2006

Klatring og Krik-Cup


 Sist veke va me ein tur til Håkonshallen i OL-byen Lillehammer. Hovudgrunnen til denne turen var for å få prøvd den store klatreveggen der. Då me ikkje klatra eller sikra for nokon kunne me spela fotball, badminton eller volleyball i resten av hallen. Eg har aldri prøvd klatring før, men klarte meg ganske godt syns eg.

Og i heljå va me ein gjeng på 40 stk frå skulen på Krik-cup i Lyngdal. Laget mitt kom ikkje særleg langt, men eit anna lag kom litt lenger. Men det vart ingen lag i finalen, turen var likevel vellykka. Ekstra kjekt var d med då viking knuste brann 5-0, og sikra seg plass i tippeligaen neste år!!

Oct 30, 2006

Ruteknusing!


 Unna innspeling av filmen idrettslinja skulle visa på foreldredagen som ein presentasjon av linja, fekk eg fulltreff. Me filma litt mens eg og joar tok nokre skudd på mål. Joar la eit innlegg inn i feltet, som eg tok på volley, og der for ballen over mål, og opp i andre etasje på undervisningsbygget rett bak. Ballen skrudde akkurat sånn at eg traff ei glasrute, perfect! Men det var iallefall med på å laga filmen bra! Det tredje vinduet eg i min livshistorie har knust med fotball!

Nå har me og fått litt snø her i valdres, og det er meldt meir og ned i -8 grader! Kaldt og godt! På fredag ska ein gjeng på ca 40 ned til lyngdal på 
KRIK-cup, det blir bra! Me har bestillt drakter, med valdremerke, nummer og 
etternamn på! Det må berre bli bra.

Oct 12, 2006

Olabil og Dagfinn lyngbø




Sist veke me på beitostølen og kjørte olabilar i eit trekk. Det va utruleg kjekt, det va tidtaking på alle bilane, så det va berre å bremsa minst muleg for å få bestetida. Må anbefalast t andre! Ellers har me prøvd den nye sandvolleybanen og fotballbanen, dei va gode begge to.

Sist fredag va me ein stor gjeng så for på stand-up show med Dagfinn Lyngbø. Va veldig bra!

Oct 5, 2006

Tida i Bergen


E littegrann misunnlig på ho Linn Cecilie som nå e komt seg øve t New York. (Hu i midten på bilde.)
Fekk ønskt ho ein god tur i jår, då ho va innom ein svipptur i Bergen før ho fauk i nått. Fjolsejenta! :D

Nåken som e hekta på Prisonbreak? Eg anbefale alle å få sett ein episode (ja, så går resten av seg sjøl... då e du hekta). HM og Audi: kor langt e dokken komt? Sitte vel og ser akkurat nå, tenke eg.
Audi: kjempe godt m middag hjå deg,
og jammen krevde d ikkje to turar t butikken åg.
Me må ha d skikkeligt, vett du.
Gode kjøttboller!
GOBBA!

Ein tur på Vågen Fetevare e heller ikkje bortkasta!
Blings m tunfisksalat e fremdeles yndlingsen t fleire enn bare meg.




Elles e d herligt m haustveret her for tiå!
Godt humør og goe folk å tilbringa tiå m.
Henge litt uafor 7eleven,
eller går laaaaaange kveldsturar
med spesielt kjære!!!!

Sep 26, 2006

"Corazon awards" og seminar med Ine Wigernes

På lordag hadde me eit seminar med Ine Wigernes, hu fortalde om trening, mat og kroppen vår. Var faktisk ganske interresant, spesielt det ho sa om stresshormon og korleis det kunne motvirke andre funksjonar kroppen har, blandt anna immunforsvaret. Og at om du ikkje vart kvitt stresshormonet så kunne du bli overtrent eller bli utbrent. Stresshormonet det er snakk om her er ikkje adrenalin, men eit anna som er inne sånn salve du kan smøre på utslett.

Seinare på kvelden skulle ASLA(Aventura Spansk Latin-Amerika) ha elevkveld. Det einaste me fekk veta var at me måtte ha finkleda klare på rommet. Før me skulle ta kleda på oss, og så eta middag, vart me delt inn i grupper som skulle laga ein film på 2 timar. Resultata var festlige, og egentlig ganske bra. Det vart og tid til underholdning og ein mini-konsert av "spice girls".



Nå nærme det seg kraftig ferie for min del, berre 3 dagar igjen før eg vende nasen heim. Skal bli godt å få kvilt ut litt, og å få famelien igjen.

Sep 25, 2006

Bildøy 06



Her e den supre gjengen på Bildøy :) Måtte stjela eit bilde ifrå www.bbb.vgs.no, så viss folk e litt meir forvetne så e d litt meir å sjå der ;)

Sep 22, 2006

Fondsbu


Frå måndag t torsdag denna vekå va heile skulen på ei turisthytta så hette fondsbu, 1000 moh i jotunheimen. Det va ein kjekke tur med mongen turalternativ kvar dag. På kveldane hadde kvart internat ansvar for å underhalda resten. Det gjekk og ein del i kort og brettspeling. Den eine av turane eg var på gjekk til eit fjell på 2075 moh, Galdeberget(toppen i bakgrunnen). Me brukte heile 9 timar på denne turen, og sjølvsagt var det skodd og regn då me var på toppen, men ellers var det ein fin tur. På onsdagen var eg på brimi-tur, der skulle me laga ein tre-rettars middag i ein sjusteinsovn. Maten vart relativt god, sjølv om alt ikkje såg så godt ut.

Sep 18, 2006

Eitt år si...


I am unwritten
Can't read my mind
I'm undefined
I'm just beginning
The pen's in my hand
Ending unplanned

Staring at the blank page before you
Open up the dirty window
Let the sun illuminate the words that you cannot find
Reaching for something in the distance
So close you can almost taste it
Release your inhibitions

Feel the rain on your skin
No one else can feel it for you
Only you can let it in
No one else, no one else can
Speak the words on your lips
Drench yourself in words unspoken
Live your life with arms wide open
Today is where your bool begins
The rest is still unwritten

I break tradition
Sometimes my tries
Are outside the lines
We'we been conditioned
To not make mistakes
But I can't live that way

Staring at the blank page before you
Open up the dirty window
Let the sun illuminate the words that you cannot find
Reaching for something in the distance
So close you can almost taste it
release you inhibitions

Feel the rain on you skin
No one else can feel it for you
Only you can let it in
No one else, no one else can
Speak the words on your lips
Drench yourself in words unspoken
Live your life with arms wide open
Today is where your book begins
The rest is still unwritten

Sep 17, 2006

"Hurra for meg så fyllte mitt år... "


Eg va tilfeldigvis ute på kajakktur på dagen min og fekk servert torskeburger t middag (koffår ikkje bare vanlige karbonader?). Men d kom nå både chips, brus og kaka litt seinare på kvelden, t tross for villmarkslivvekå. :)
Men feiringå var var ikkje heilt øve med d, i går tok nemlig Irene meg ut på middag (uten fisk), og har me ikkje krona så broke me bare servietten.
To kjempe kjekke dagar :)

Sep 14, 2006

19 år!


Då har eg altså blitt 19. Har hatt ein kjekk dag. Måtte for eksempel fram på morgensamlingå for å bli sungen t, d va ikkje akkurat d kjekkaste men men. Og eg har fått masse gratulasjonar, og eg har fått brownies kjeks av nåken jenter. Dei syns eg va litt for skuffa nå me fekk fiskagrateng med fiskapudding oppi t middag. Takk t dei. Og så fekk eg ei kruna og!
Eg har forresten ikkje kløppt meg endå mor, så her kan du sjå at d meste gror øve!

ASTRID OG KJETIL
19 år i dag, 14.september
GRATULERA MED DAGEN

Sep 9, 2006

Storesøster på blåtur!

Sist va d storesøster på sykkeltur...
Nå e d storesøster på blåtur!
Og for ein blåtur!
Rett og slett vellykka...
Goe mat og drikka,
godt lag og folk i eitt supert humør!
Litt duskregn...
Og ein herlige bålvarme i gammen!
Perfekt..
Med is og eplekaka utpå kvelden...
Anbefalast på det varmaste!

Sep 4, 2006

Velotech M4 disk


Sykkelen min e bra! Har no vore på to terrengsykkelturar, har terrengsykling som valfag, så kvar fredag framøve blir det terrengsykling. Det blir kjekt, men e både litt krevande og slitsomt. I dag har eg hatt det andre valfaget, golf! Har blitt klart bere enn sist. Prøvde oss litt på treningsbanen, og eg klarte ein utruleg prestasjon på hol 1. Eg hadde slått ballen ca halve banen, og va klar for å slå det neste slaget inn på greenen(der holet e). Problemet va at eg slo altfor langt, og det såg ut så ballen sko gå langt inn i skogen. Men så skjedde d utrulega, ballen traff stammen på eit tre i ca10m høgd, og ballen spratt fint tebars og landa på greenen. Det va heilt utruleg, kjekt med masse flaks :D

3 x STEINBRU




Desse to jentene har altså fonne ut at Bildøy e tingen.
Itte å ha proppa i oss m pastamiddag og is frå isbuffet (!),
så va me på kino og såg CARS.
Ein koselige film... veldig barnevennlig... ikkje overbegeistra.
Må jo forresten sei at d innlegget om Frekhaug, og bildene av Astrid frå Nordhordaland FHS bare va tull. Sjølsagt går hu ikkje der... D e jo klart at hu går på Bildøy!

Sep 2, 2006

Dyrskarnuten!

Herlige Suldal!
På toppen av Dyrskar!

E d ikkje herligt å komma seg ut på tur? Far, Kjetil, Astrid og meg hadde oss ein flotte tur t Dyrskarnuten og Fossastølen siste søndagen heima. Herligt ver og ein flotte tur! Kan verkeleg anbefalast..

Mor hadde sendt med oss posar til molter, men d va ikkje møkje me fant.. Men hu va nå fornødde me d hu fekk og greie nok å få ein molteis ut av d og, ska du sjå! E d bare meg (og mine kjære søsken) så syns molter e for dei øve 50??

Sep 1, 2006

Valdres golf klubb!


Har spelt golf for første gong i mitt liv. Me stod nokre timar på drive in rangen før me spelte 2 hol til slutt. Var ganske kjekt, spesielt å spela! Skal bli kjekt å prøva seg meir.

Aug 30, 2006

Hard dag!


Bildene e tatt på bli kjent turen, legg og merke t koss kreative stippane(stipendiatane) har vore med teikningane på arkå. Eg har fått ei steinbru, og åsmund har fått eit hjarta(hartmark). I dag har linjå vår sprunge ei løypa så blir kalla 9 kilometeren, men e egentlig berre 8, men d va faktisk tungt nok med berre 8 km, t og med for meg, ken haddde trudd d? Og om ikkje d va nok så spelte med fotball i eit par timar itte lunsj! I dag har eg vaska endå meir kler, føle meg godt kjent med vaskerommet itte kvart, men sjøl om d kanskje hørtes ut som eg visste allt om vasking av kler i sist innlegg, så gjer eg ikkje d. Ringte t irene og synnøve for å finna ut koss eg sko vaska joggesko.

Aug 29, 2006

Vaskerommet på Heimtun!


I dag har vore den store vaskedagen for min del, har nettopp satt på den andre maskina i dag! Den første var vanlige klede, medan den andre var regnklede som skulle vaskast på 30 grader, med glidelåsane igjen, og uten sterkt vaskepulver som omo og ultra. I tillegg skal dei sentrifugerast eller noko sånn rett etter vask. Håpe det kjem til å gå bra! Sånn ellers har me hatt vår første skikkelige dag med linja, starta ikkje før etter lunsj på grunn av valfag. Eg har berre valfag på mandag(golf) og fredag(terrengsykling), på tysdagane kunne me berre velja strikking eller salsa noko som ikkje frista så voldsomt. Så idag har me planlagt ein idrettsdag som lina vår skal ha for resten av skulen, og så har me spelt fotball!! Viss eg ikkje tar feil, så skal me spela fotball i mårå og, glede meg!

Aug 27, 2006

Valdres fhs!


Ja, då e eg allerede godt i gang med livet på valdres fhs! Det blir eit år med møkje ski, fotball, sykling, bilkjøring på isbane, portvakter(eller ke d hette) i wc i hafjell(eller kor d nå va), tur t østerrike, tur t sverige osv. Glede meg! Bildet eg har tatt med i teksten e frå rommet så eg ska dela med åsmund detts året, me havna heilt tilfeldig på rom itte å ha gått i same klasse dei 3 siste årå. Detta e altså utsikten frå rommet vårt, og for at eg ska kunna legga inn innlegg på bloggen må eg altså sitta på pulten for å få inn signalet frå d trådlausa internette på skulen.




Aug 21, 2006

Første møte


Trur faktisk at storesøster blei ganske så spent på litlesøster sine vegne. Hjelpe meg: kunne trudd eg sko begynt der og. Alle andre tok jaffal d som ein sjølsagte ting. Eg freste altså ut til Frekhaug m Ditti. Magane våre va ganske så fudle itte ein herlige middag på kinaen. Og fudlare sko den bli, m alle dei nye inntrykkå.
Her e nåken bilder frå Astrid sin første time på skulen...

Nå gjenstår d å hørra frå Kjetil!!! Koss går d der på Valdres? På bli-kjent-tur, har eg høyrt. Mor ville gjerne at broremann sko legga ut bilde til oppdatering kvar dag på bloggen... Det hadde jammen vore nåke. :D

Ganske stort at desse småsøskenå e både her og der...

KLEM

Aug 20, 2006

Pizza hjå Audi (mett og god...)
Shopping ein heile dag (sliten og forkjølt)
Tur til Rundemanen
Helga e øve...
... så va d:

Flytting til Frekhaug

NÅ ER
ASTRID
KLAR FOR EIT
SPENNANDE ÅR
GOLF OG IDRETT -
NORDHORDALAND FOLKEHØGSKULE

Aug 9, 2006

Heia VIKING


Så va dagen komen då me sko på dagstur t Stavanger, nermare bestemt t Viking Stadion, for å sjå Viking slå Lillestrøm ner i støvlane...
Ein flotte dag va d... Solå skein, og d va i grunnen meste for gale å sitta fleire timar i bil bare for å sjå ein fotballkamp. Men du vett, me e godt oppdratt!

Fotball e livet for far, og då e d d for oss og.
Si veret va så fantastisk måtte me ta oss ein liten fjelltur føst. Ein herlige tur inn t Hedlestølen. Har du sett lyngen? Den e bare heilt fantastisk lilla... Og d blir nok bare eitt heilt fantastisk syn om nåken veker, for allerede nå va d ganske så flott. Lilla på lilla...
Eg seie d igjen, Suldal e bare den finaste plassen på jord, og eg har ferie i meste 2 veker t.
Men tbars t kampen... Som du ser har me kledd oss opp i d finaste me har, itte bunad/dress... (trur bloggen e kapra av nåken så ikkje vil ha bilde av viking-supportarar, så eg får prøva å legga ut d bildet ein aen gong.) Så klar for eitt par svette timar på stadion. Og me la i vei, for andre folk e d ein ganske lange tur frå Suldal t Stavanger, men for oss Suldølar må ein helst t USA for å kjøra langt... D e nå bare nåken turar opp og ner t Sand, så e me framme... Denne gongen derimot, vart d litt annleis. Kin hadde vel rekna me at køen på Nesvik sko vera så lange??? Og kin hadde vel rekna me at me sko kjøra bak nåken sinker, heilt frå Helganes t Nesvik... (Veiene e jo så smale og svingete, så d e ikkje så godt å kjøra forbi nåken plass...) Og gjett kin så stod igjen på kaien då ferjå la i frå... Nr.2 som ikkje kom me ferjå.
Me snudde.
Sure og sinte.
Og leie oss.
Så kjørte me heim igjen. 2-3 timar i bil e kjekt d... Godt me har fjernsyn heima, me mange kjekke kanalar. Så fekk me i alle fall sett kampen. I grunnen va eg glae me ikkje sko kjøra heim igjen itte kampen. Me hadde jo vore lika sure då... Men, kanskje hadde d gått bedre hadde me vore der, på Stadion.
Me kunne jo ropt oppmuntrande ord t spelarane.
Kanskje hadde dei vunne då??
Sorry, Svenning.
Neste gong ska eg vera der.
Heia VIKING!

Jul 31, 2006

GOBBA!

Då va jammen Oddny og Magnus gift! Her e den knall bra gjengen som serverte i bryllupet. For ein stemning, seie bare eg... Fjolsegjeng!

I helgå va d "Tryggheimstreff" i Vikjo. Eg hadde ei alle tiders tid, sjøl om eg kanskje stressa litt... nei... eh... va vel litt forskjellig i håve mitt, tenke eg... tebake på jobb nå, så prøvde å få m meg mest mulig av ferien dei siste dagane. Knakande bra ver! GOBBA!

Og jammen va ikkje Audi og m på å feira den store dagen, men hu hørrte vel egentlig t ute m gjestene... Eller? Nei, syns d va kjekt at me fekk sånne flotte besøk ute på kjøkkenet, i 32 grader celcius...

Litt regn her nå i Bergen, bare for å minna meg på at ferien min faktisk e øve :D Men sommaren e vel ikkje heilt ferige ennå?!