Dec 12, 2005

LUFTSLOTT

Ja, kæ betyr nå egentlig det?

Må rett og slett koma med ei lita anbefaling.
Til dei som har lyst å koma seg litt ut og oppleva litt meir kulturelle ting:
Lån deg ein GPS på Hordaland kunstsenter (ut mot Nordnes), og så tar du deg turen rundt om i sentrum på leit etter kunstverk. Når du nærmar deg eit mål, vil GPS'en spela musikk for deg. (Ukjent kva sort musikk det er...)

Dersom du har god utsikt, eller rett og slett ofte har utsikt mot Sandviksfjellet, så bør du vera litt obs på at nokre Hollywood-lignande ting vert montert opp snart. (Om dei då ikkje allereie er kome på plass.) Kva kjem det så til å stå på fjellsida? (Her kan du som lesar koma med forslag...stikkord: Arne Rygg)

Men: kjellaren på Hordaland kunstsenter er verdt å sjå.

1 comment:

Anonymous said...

http://www.ba.no/puls/article1866433.ece