Jul 10, 2005

Helgetur til Vikjo


To bilar klarte å forvilla seg inn til Suldal og Vikjo. Veret var fantastisk fint, og laurdagen fekk me anledning til å stå på vannski. Super båt du har, Bjarne! Den må me jammen skryta litt meir av. Elles trur eg dei fleste sov godt i sengene i Vikjo, og oppvasken gjekk unna!

Sola steikte og me nøyt helga. Herleg å kunne ha frokost og middag ute! Erik fekk ein flott fisk som me grilla om kvelden. Smakte kjempe godt, eller kæ Erik? Fleire av innbyggarane i Kvilldal kom til grillinga og haldt oss med lag. Til neste år blir dette ein tradisjon.

Så koselig at Melinda også ville koma til Kvilldal, på sitt aller første besøk til Norge! Så fekk me andre prøva oss litt på engelsken! :)

Nå sitte eg å lure på om guttane finne veien tilbake. Var det til venstre eller høgre? Til Gullingen? Koss finne me ner til vatnet? Er vel lov å le litt av det! JA-HAU!

Regnet måtte jo koma, men det vart uansett ei kjempe koselige helg! Dokk er hjertelig velkommen tilbake ein annan gong! Kan laga kart til dokken då!

3 comments:

Erik said...

e d kun eg som vett om denna siå? lite med comments hvertfall! va en kjekke tur t kvilldal, lenger vekk frå verden trur eg kje en komme.. åsså måtte d en jærbu t for å få fisk :-)

Ragnhild said...

Då har familien på Klepp og fått blog... Følg med på www.kleppstein.blogspot.com -det e der det skjer... Elle det komme jafall t å skje litt der ein elle aen gong:)

Audi said...

Nei,eg og vett om denne siå. Desverre, syns eg nå, for blei så misunnelige når eg såg bilder og leste fra Vikjoturen, for d virka så kjekt. Ååååå, eg og ville vært med. Men sånn blei d ikkje. Je je. Bra dokk koste dokk hvertfall!