Nov 20, 2010

Girls in Paris


















Her er nokre bilder frå flotte dagar i Paris og ein i Caen... Det var verkeleg ei opplevelesrik langhelg - takka vera godt reisefølge!

Takka vera MIDTBO va me innom ein kjempe koselig butikk "Crapaud Poilu", i "Byen med dei hundre kyrkjer" (Caen). Der var MIDTBO sine barneklede godt synlige! (midtbosy.blogspot.com)


Elles kan eg anbefale å sjå "Amelie fra Montmatre" etter Paris-tur.
Spesielt etter å ha sett Sacré-Coeur.

Sep 26, 2010

I dag var det tid for å ta med "Brassi 94" på langtur. 
Me padla frå Kvilldal til Veka på den flottaste dagen på lenge! 
Som dei fleste veit - i år er det lemen år - og trur du ikkje me såg eit lemen som svømte for harda livet over vatnet ved Suldalsporten. Så komisk! Bakføtene gjekk som trommestikker. Ikkje alle lemen ser ut til å klara seg så bra for tida - overkjørt, drukna eller jaga av reven... det er farlig å vera lemen! 
Nedafor Kolbeinstveit gjekk me i land og tok oss ein matpause. Var egentlig mette etter grauten me fekk heime i Bjørkly, men det frista likevel med litt tomatsuppe.
Legg ut eit bilde av far som ete yndlingsretten sin på trappa. 
Slik går det når det kjem folk på døra midt i måltidet.  

Sep 6, 2010

Jun 20, 2010

Sprek 54 åring!

Gratulera med dagen, far!

Mar 21, 2010

Det vårast


Ute på tur med like bukser.


Velkomen til nytt hus, kjære små fugl!

Farvel og adjø til is. Nå må de sleppa taket.

Mar 4, 2010

Glimt frå vinterferien




Det kunne vore meir snø, men me vett å utnytta det som er!

Feb 25, 2010

Skisesong



For ei fantastisk tid på året:
snø i store mengdar,
skiweekendar både her og der,
vinterferie, og ikkje minst OL!
Eg kose meg!

Feb 8, 2010

Nye briller!

Astrid har fått seg flotte nye briller!

Jan 1, 2010

Då er 2010 i gang! :)

Godt nytt år!