Jun 26, 2005

Søndagstur i Kvilldal

Åh.... så skjønt! Til songar av Coldplay og Vamp va me ute på ein herlige søndagstur! Laga oss betasuppa på skikkelig bra bål, og plukka nydelige blomar. Det var Klara og Sigrid som drog meg og Synnøve med ut på den fantastiske turen. Sigrid raste av garde i kajakken sin, medan me tre andre tok det litt roligare. Bra underholdning, Klara!!! Det er ikkje mykje som slår ein skikkelig søndagsstur på Suldalsvatnet.

Og så var det jo koselig å kunne vaiva til resten av familien Steinbru som kjørte forbi oss i ein litt raskare båt...

Wæ... feeling dizzy...

St.Hans i Stavanger


Kven andre fekk med seg denne bra konserten?
Kunne det ha vore eit betre ver?
Trur ikkje det var nokon som angra på at dei tok turen innom Viking Stadion St.Hans.
R.E.M hadde show på scenen, publikum hadde sitt eige show rundt om på banen, og Mew var fabelaktige før sola sakte men sikkert lot hovudfokuset vera på R.E.M...

Jun 23, 2005

Sommar-KRIK, og St. Hans

I dag e det St. Hansaften, og i går gjorde me klart bålet i Vikjo. Då bålet var ferdig måtte me ha ein liten leiteaksjon itte Astrid, hu hadde nemleg sove mens me var i vikjo. Dette va ca 25 min før KRIK sko starta, og Astrid hadde gått frå internett på, og utan mobilen med seg. Det blei ganske hektisk før me kom oss ner t KRIK, ca 10-15 min for seint. Det viste seg at Astrid hadde vore på ein liten tur ner t vatnet, og på grunn av at me hadde tatt ein tur opp t Stuv for å henta Solfrid, og ein tur ned til farmor, så kunne Astrid og bli med på KRIK. Kanskje litt vanskeleg å forstå alt detta eg har skreve for dei som ikkje var med på det, men det va iallefall møkje så skjedde på kort tid, nåke som ellers e gankse uvanlig i Kvilldal. Her pleie tiå å strekkja t!

Det var 10 som møtte opp på KRIK for 16+ i går, blir nok fleire seinare. 50% av desse va frå Kvilldal, og me har endå fleire å stilla opp med.


Såg og siste episode av lost i går, nådde ikkje den føste på grunn av KRIK. Leste i dag at me sannsynligvis må venta minst t Oktober på dei nye episodane. Vil og meddela dokken at Viking slo Vard i cupen, 3-0 i Haugesund. Eg e klare for å slå Lillestrøm på heimabane i 4. runde.

Jun 20, 2005

Gratulera med dagen, far!

I dag skal far feira 100 årsdag! Kan jo røpa at han ikkje skal feira denne dagen aleine… Godt er det! Gratulera med dagen, far!!!

Far Steinbru Posted by Hello

”JAAAAA” Når bror min ropar det, veit eg det er noko viktig som har skjedd…. Eg hadde vel kanskje litt feil i dag, då han kom og fortalte meg at frå 1. august av får me to nye Disney kanalar…

Eg har fått bekrefta enno ein gong i dag at bror min vert umogleg når han har fjolla. Då er det til dømes heilt umogleg å fortsetja å spela med han. Men ein stor fordel er at han mister mykje av sine krefter når han ler. Det går jo an å utnytta det…

Jun 19, 2005

Astrid, Synnøve, Irene og Kjetil Posted by Hello

Sjå den utsikten!

Kvilldal in June Posted by Hello

Dette er dagen i dag, 19.juni, tatt frå Kløvsbekken. Astrid og Irene hadde seg ein flott tur, og fekk nyta litt av varmen som kom til bygda vår. Men kor lenge skal me venta på ein bra temperatur i vatnet? Ligg vel på rundt 8-9 grader der.... BRRR....

Helge Torvund sine ord

Når du ikkje er heime ser eg etter deg
i kjøleskapet

og i kjøkkenskapet
men finn berre yoghurt og sjokolade

Eg prøver å lesa i den vakre boka
men vert forstyrra

av ei fluge som surrar i ei krå
av hjernen

Eg har så god tid når du er borte
men tida er ikkje god med meg

Ho spring kring meg og kviskrar
"Du får ikkje gjort noko

Alle planane går i vasken
Du surrar og stirar og går frå det eine

til det andre
men har gløymt kva det var"

Kan du ikkje koma heim
og kyssa det vekk