Jul 26, 2005

Lykke på heiå!


Ja, det har visst vore lite aktivitet på denna siå i det siste. Huff, huff! Og nå som sommaren snart er øve for min del. Prøve å få med meg mest mulig nå, før eg må reisa frå Kvilldal.

Har vore ute å fiska!!! Astrid, Kjetil og eg va på heiå i helga. Eg fekk fisk på 7. kastet (eller kanskje det var åttande). Uansett, det smakte kjempe godt med nysteikt fisk på heiå. Va oppe med Stemmavatnet, og var egentlig godt fornødd med fangsten vår. Kjetil fekk jo også ein fisk. Tross alt litt mindre enn Irene sin, men smakte akkurat lika godt. (Nøye meg med å visa den eine fisken fram...)

Jul 14, 2005

Suldalsvatnet


Å halde seg nært til vatnet er noko av det som høyrer sommaren til her i Kvilldal. Då kan det frista å prøva seg litt på vannski, og det gjer godt med ein tur utpå (i alle fall akkurat det og då).

Elles kan eg jo frista med at dessert smake nydelig ute i fri luft. Her ein dag tok me med oss ein isboks og dei første "heimelaga" jordbæra til Vikjo, og sov middagskvilen på "humpete" berg og nyklypt gras. Då hadde me det godt og kvart sekund av dagen vart "slukt".


Er jo elles godt å kunne treffa folk ute også. Så snart sola kjem fram vert det liv på brygga. No, når regnet har kome, er det meir inneaktivitet. Men jordbæra smakar framleis godt, og i dag fekk me rabarbra-suppa til dessert.

Forresten er det mykje god mat rundt omkring i Suldal. Fekk pizza i barnehagen i dag. Mange glade fjes rundt bordet då!

Jul 10, 2005

Helgetur til Vikjo


To bilar klarte å forvilla seg inn til Suldal og Vikjo. Veret var fantastisk fint, og laurdagen fekk me anledning til å stå på vannski. Super båt du har, Bjarne! Den må me jammen skryta litt meir av. Elles trur eg dei fleste sov godt i sengene i Vikjo, og oppvasken gjekk unna!

Sola steikte og me nøyt helga. Herleg å kunne ha frokost og middag ute! Erik fekk ein flott fisk som me grilla om kvelden. Smakte kjempe godt, eller kæ Erik? Fleire av innbyggarane i Kvilldal kom til grillinga og haldt oss med lag. Til neste år blir dette ein tradisjon.

Så koselig at Melinda også ville koma til Kvilldal, på sitt aller første besøk til Norge! Så fekk me andre prøva oss litt på engelsken! :)

Nå sitte eg å lure på om guttane finne veien tilbake. Var det til venstre eller høgre? Til Gullingen? Koss finne me ner til vatnet? Er vel lov å le litt av det! JA-HAU!

Regnet måtte jo koma, men det vart uansett ei kjempe koselige helg! Dokk er hjertelig velkommen tilbake ein annan gong! Kan laga kart til dokken då!

På besøk til Bakka-jentene















På torsdag vart Synnøve og Irene invitert opp til Sigrid sitt hus på Bakka, der ho har pussa opp stova. Kjempe bra jobba! Me koste oss, og fekk tatt nokre group-pictures!

Bakka-jentene er utrulige til å få det til, så koselig å vera med dei i hus, og så har dei alltid snacks å by gjester på.

Lykke til Sigrid, når du snart flyttar heim!

Jul 6, 2005

Kamilla og Tyven

Den 22. august må alle koma seg til ein eller annan platebutikk!
  • "Kamilla og Tyven" kjem ut på DVD!
  • Morten Harkets tittelmelodi frå "Kamilla og Tyven" gis ut som singel!
Trur "Kamilla og Tyven"-filmane er dei beste filmane Noreg har kome med. (Irene si meining)

Jul 5, 2005

------------------------ Max sommar ------------------------

Eg kave med å finna ei behagelige stilling i hengekøya
- for så å ligga der fleire timar i strekk
Eg drar inn den sterke lukta av gras
- og så nyse eg tri gonger i strekk – dagen lang
Eg drasse på ei bok
- og lar den farga den allereie blå dagen
Ingen utgifter

Eg legg meg så på ein luftig trampoline
- og kjenne at håret flyr
Eg får ein trong til å skriva brev
- men har ikkje noko å fortelje om
Eg drasse på ei ny bok
Ingen utgifter

Jul 4, 2005

Fridag


Fekk fjolla ganske masse i kveld, då Solfrid og Ingunn tok turen ner t Bjørkly. Me spelte ein runde Visionary, og du kan tru dei va engasjerte då. Trur nok det trilla ein del tårer i kveld... GODE TÅRER!

Kjetil og Irene har elles hatt seg ein fine tur til Haugesund saman med farmor. Ikkje verst med ein bytur! Ganske masse å sjå på, både av folk, bilar, skilt og natur (på veien).

Jul 1, 2005

Litt forskjellige størrelsar...


...ein tjukk og liten, blant dei slanke, lange....

HERLIG VER


Så er sommaren kome med eit mykje betre ver til Suldal også!
Solbrent av å vera i barnehagen, men det er bare eit godt teikn!
Herlig å kunne vera ute om dagane, sjølv om ein jobbe!
Tvillingane prøvde forresten vannskia sine her om dagen, men det gjekk desverre ikkje heilt slik som det skulle... Treng større motor!

Koss e stemningå ute i landet? Fleire som ete is fleire gonger dagleg eller? Håpe ikkje bare d e her i Kvilldal!