Dec 31, 2009

Dec 12, 2009

Dec 5, 2009

Advent i svingen




Stille senker natten seg, over deg og over meg.
Snøen faller, alt er hvit. Se så vakkert alt er blitt.
Snart er julen her på ny, i hver bygd og i hver by.

Nov 22, 2009

30 år i dag!

GRATULERA MED DAGEN!

Oct 11, 2009

Ikkje alle har studieveka...

.. men det betyr ikkje at det ikkje kan bli ei god veka :)
For sjølv om det var nok å gjer på skulen så blei det nå tid til besøk av Irene, fjelltur i BergensSOL og shopping på Skibaluba før det plutselig var helg igjen!


Ingenting er som å prøva å ta et OK bilde ;)



Sep 12, 2009

Aug 10, 2009

Denne bloggen e jammen verdt eit besøk.... http://www.blafre.com/
Utrulig mange stilige ting!
Må ha det, bare må ha det!
Sjekk og ut denne sida http://www.blafre.blogspot.com/ der har dei ein kjekke konkurranse gåande... :)

Aug 3, 2009

Kua!

Det du no skal få høyre, er ei historie om Kua frå Bergen. Dagar og år sidan budde Kua i ein stor leikebutikk på Galleriet. Dag ut og dag inn sat ho og skua utover butikken, i håp om at nokon ville ta ho med seg heim. Men det varte og det rakk, og sjeldan var det nokon som såg hennar veg.

Men ein sommardag kom det to lyshåra tvillingar inn i butikken. Dei fallt for den einsame Kua, og ville gjerne ha ho med seg heim til Bjørkly. Men prisen var høg, og dei hadde dårleg pengar, og difor måtte dei la Kua bli att i butikken. Før dei gjekk kviskra guten i øyra til Kua: "Ein dag kjem det nok nokon som vil ta deg med heim."

Seinare den sommaren var ein gjeng med guidar innom leikebutikken til Kua. Dei kom frå Sør-Europa, og var kome til Noreg for å sjå det vakre landet dei skulle visa turistar som kom på besøk. Dei la merke til den einsame Kua, og visste kva dei skulle gjera. Med oppsparte pengar kjøpte dei Kua og bar ho med seg ut av butikken og gjennom gatene. Kua tenkte med seg at no bar det vel ut på ei lang reis med både fly og båt, og det var ikkje heilt det ho hadde tenkt seg, men ho var glad for å få koma ut av Galleriet.

Guidane tok med seg Kua inn på ein buss, og overrekte Kua til sjølvaste bussjåføren. Han skulle få Kua som takk for omvisning, fin kjøring og godt humør. Bussjåføren takka stort og gav Kua ein god plass i
eit bussete. No bar det i veg på dei trongaste vegane, og over fjordar og gjennom tunnellar, før Kua endeleg fekk koma inn i sin nye heim. Bjørkavollen heite det der ho no skulle bu.

I dag er Kua fornøyd og glad. Ho har fått seg eige rom og eigen stol, og smiler dag ut og dag inn. Og slik gjekk det til at Kua som Bjørklytvillingane så gjerne ville ha, havna i Bjørkavollen på Sunnmøre.



Jul 17, 2009



I dag va tiå for å ta seg ein roleg båttur. Heilt stilt på vatnet! På tilbaketuren måtte me fram med årene - for "ops" det vart visst tomt for bensin. Men sjarm med ein rotur og! I skogen frista bæra, så me måtte ha med oss nokre blåbær heim. Kanskje dei blir til smoothies ein annan sommardag.

Jul 5, 2009

Små glimt frå USA turen
Alcatraz:

Turen vår starta i San Francisco....
og gjekk vidare til plasser midt i ørkenen:
LAS VEGAS

Astrid vant som bare det!

Joshua Tree National Park...

me va så vidt innom og triksa litt.

Deretter til San Diego!

Noko av det me kunne sjå i Sea World
- maten vart gulpa ut ørten gonger før hvalrossen igjen åt det

Me stoppa så vidt i L.A. for å kikke på
" Moods of Norway" i Beverly Hills

Joker og Batman
og aktuelle stjernerTil slutt hadde me oss nokre dagar i Santa Barbara
- me leigde oss ein double surrey og sykla langs stranda
mens me plinga i vei med ringeklokka