Sep 26, 2010

I dag var det tid for å ta med "Brassi 94" på langtur. 
Me padla frå Kvilldal til Veka på den flottaste dagen på lenge! 
Som dei fleste veit - i år er det lemen år - og trur du ikkje me såg eit lemen som svømte for harda livet over vatnet ved Suldalsporten. Så komisk! Bakføtene gjekk som trommestikker. Ikkje alle lemen ser ut til å klara seg så bra for tida - overkjørt, drukna eller jaga av reven... det er farlig å vera lemen! 
Nedafor Kolbeinstveit gjekk me i land og tok oss ein matpause. Var egentlig mette etter grauten me fekk heime i Bjørkly, men det frista likevel med litt tomatsuppe.
Legg ut eit bilde av far som ete yndlingsretten sin på trappa. 
Slik går det når det kjem folk på døra midt i måltidet.  

Sep 6, 2010