Jul 2, 2008

Suldal e vår nye heimplass!

Flyttegjengen kom og hjalp oss! Bye bye, Bergen!
Flyttebilen va stappas - fekk med ALT!
Heilt utruleg at d gjekk.
I Suldal kom finveret, og me har grilla
og gått i heiå. Her e det Rune og Astrid som kjempe mot vinden!
Oppe i heiå kom det og fram nåken små hoppefroskar!
Det e skikkelig sommar!
Mor komme fram med masse godt, bla is og jordbær. Nam nam!
Innimjødlå får me tid t å pakka litt ut åg!

Jun 24, 2008

Har dokken tomme øskjer?


Jadå, me går rundt i butikkar og spør itte tomme øskjer. Som å vera student igjen... Prøve å pakka vekk litt ting, men sjøl om talet på øskjer auke voldsomt, så merke me liksom ikkje så masse t at ting forsvinne frå leiligheten.


I dag va eg i kjellar og på loft og fekk henta fram nåken fleire aktuelle øskjer me kunne pakka i. Og i kveld, itte å ha vore ute ein tur, komme eg inn døra og ser Rune som peike på nåke. Eg ser bare tomme øskjer, eg... "Kæ e det?" Fortsatt like taus peiking. "Kæ e det?" Begynne å bli litt irritert, bruk ord,mann!!! Ivrig peiking mot øskjene. "Kæ e det??!! Tom øskja?" Ja, det va det altså, mannen min hadde klart å funne ei ny tom øskja me kunne pakke i.


(Stor glede i huset!!! Ingenting e så kjærkomment som tomme øskjer!! Neidå.)


"Har du vore på butikken?" Neidå, fornøyd forklare Rune at han fant øskja når han sko kasta nåke papir i parpirbosset ute....


I dei neste minutta, og mens eg sitte på do, ler eg... For denne øskja her e det nemligt eg som har kasta!! Fant den i kjellaren tidligare på kvelden, men syns den va våt og ekkel og derfor va eg ute og kasta den i bosset....


Rune altså; så fornøyd og glad, va ute i bosset og fant ei øskje, av alle plasser... så nå må meste denne øskja få lov t å vera inne i varmen.


Kanskje det bare va eg som syns dette va løye?!?

Jun 8, 2008

ei iskrem helsing

I år blei d mor og eg som satte opp trampolinen! Me var så fornøyde med oss sjøl at me belønna oss me kvar vår is :D Seinare har me hatt både avkjølingsis, seiersis og dessertis! Det har våre ei god sommarhelg her i Bjørkly! Men nå har me våre så fornuftige at me har bestillt litt regn til bøndene, åsså ska me spara på det fina veret til resten av famelien komme heim.
Eg trur nok kanskje det kan ha blitt litt vel masse sport på mor i helgå, det stemme jaffal ikkje heilt når hu spør ka tid sportsrevyen begynne!? Men sånn blir det når EM har starta..

May 18, 2008

17.mai feiring i Bergen


Nåken små glimt frå feiring i Bergen by.
Mor og far tok seg turen opp i helgå for å feira dagen med byfolket.
Litt lengre tog her enn heime.

Apr 21, 2008

Finver i Bergen!


Den sista tidå har d vore utrlug møkje bra ver her i Bergen. Så i dag fant eg ut at eg måtte ta meg ein liten tur opp på løvstakken. Ganske fin tur, varmt og godt. På toppen hadde eg utsikt mot ulriken, fløyen, sandviken, askøy, sotra, flesland, coop-lageret, skulen, og møkje meir:)

Apr 16, 2008

Det var en gang...

"Synnøve var kjent som en strid dame som det kunne være vanskelig å ha med å gjøre, men Bør syntes nå det var litt for galt med den profitten som ble borte i konkurransen mellom de to og lurte nå på om det ikke kunne gå an å få til et samarbeid. Etter å ha tenkt en stund fant han ut at han fikk gifte seg med henne."

Du trur kanskje eg har begynt å skriva eventyr?
Neidå, det er bare sånn innlevering i mikroøkonomi er!
Trur ikkje eksamen nødvendigvis blir så kjedelig eg :)

Mar 16, 2008

Med kvikk lunsj til Eivindstølen

I dag fekk me kjenna solå varma då me va på flott skitur. Mor, far, Astrid og Irene. Frokostbrød med ost og skinka, kakao i fleire termosar, appelsin og sjølsagt kvikk lunsj (som me då glømte i jår på turen vår). Det va hardt i sporet, og Astrid fekk smertelig erfara koss hardt det kan vera. Nerøve bakken, inn i skyggen, ski som vil fleire plasser... Men det gjekk nå egentlig godt, ingen brekte føter jaffal. Me traff mange folk innøve dalen -mange andre suldølar som va fornødde med det flotta påskeveret.


Mor som seie nåke løye... (huske kje heilt kæ d va... )

Astrid NYTE sjokoladen! Ingen tvil om at hu va fornødde då hu fekk desserten!

"Og alle va enige om at dei hadde hatt ein flott skitur!"

Mar 15, 2008

Det var ikkje heilt topp påskever i dag, så Irene og eg sko bare ta ein kort skitur. Det ga oss ein god grun til å kutta ut skismøringå. Det var litt vanskeligt å sjå i snøveret, og sjølvsagt hadde me litt bakglatte ski. Men me sko bare opp på neste topp, og bort til neste sving, og plutselig var me komt heilt fram til Kløv! Då kom saknet etter Kvikk lunsjen, den hadde jo fint fått plass i lommen. Til tross for tom mage, så var det ein fantastisk herlig tur som skifta frå snø-sol-skodda! Og litt av alt er bra :)





Dagens påskeråd: Husk allid å ta med ein liten sjokolade! (helst ein Kvikk lunsj)

Mar 12, 2008

I Norge ete me 13 millionar Kvikk lunsjar i påsken, det er   1/3 av alle Kvikk lunsjane som blir produsert for heila året!

Eg glede meg til å eta min andel :)

 

Mar 1, 2008


På vei t bussen må me øve nåken sebrastriper, og ei stasjonsvogn stoppa for oss. Men i staden for at Rune og eg gjekk over til den andre sida av veien, rygga me litt bakover. For bak stasjonsvogna kom det jammen meg ein liten varebil i susande fart. Me trudde den sko kjøre på innsida av stasjonsvogna og slik koma seg forbi, men neidå- det sa "ih-ih-ih-iiiihh-iiiihh-BANG" og dermed var bilkrasjet eit faktum. Litt "shaky" itte å ha stått 2 meter frå det heile, kom me oss endelig øve på den andre siå. Dei to bilane (den skyldige mest skada) flytta seg øve til sidå av veien for å fylle ut nåken skjema, tippe eg. Mange på bussholdeplassen hadde vore vitne til det heile. Eg tok eit bilskilt som låg midt uti veien og flytta på det, sånn at ikkje andre bilar sko kjøra rett på skruane som stakk opp.

Huttemegtu - sånn kan det gå. På ein eller annan måte kunne me ikkje unngå å tenke at "dersom du Irene ikkje hadde bytta sokkane dine rett før me gjekk ut dørene, så hadde ikkje dette skjedd", eller "dersom du Rune ikkje hadde sett på det YouTube klippet ein gong t rett før me gjekk ut dørene, så hadde det ikkje skjedd".

Rune og eg e lika heile.

Blei forresten snakka t av ein kjendis i byen i dag - men me va begge litt treige m å svara, så kjendisen bare gjekk sin vei. :D Irene har enno ikkje funne ut kem den mystiske kjendisen e. IRRITERANDE!!!!

Feb 28, 2008

Herligt for rompå


Nå e d bare å setta seg ner på eit kaldt golv eller ein plass utandørs.
Sitteunderlaget e ferigt, itte ein heil arbeidsdag (minst) med sying. Ront og ront og ront. Syns det va eit voldsomt kjekt prosjekt, åg e bare å anbefalast.

Feb 25, 2008

Mammutsalg


Her e min fangst... hm, går vel helst i barnebøker her, ja, men kjekt det. Den eine e jo ei heltebok frå oppveksten i Bjørkly. (Trur eg tenke mest på deg Synnøve når eg ser den bokå). Det e altså snakk om "min første ordbok", der me kan læra oss ganske så mange nødvendige engelske ord (og norske) med hjelp av søte små dyr. Love it!
Og så fekk eg tak i denne flotte parykken i dag... om ikkje lenge ska den forhåpentligvis bli t nåke aent meir nyttigt... men e kje heilt sikker på om eg e heilt fornøyd.

Feb 19, 2008

Fingerhekling og gullfiskdam

Nåken som huske stive fingrar itte å ha fingerhekla? Eg kan jo røpa at eg har stive fingrar som syns det e deiligt å strekka på seg og "knekka" litt. Har altså nettopp fingerhekla eit nøste med blått safir garn. Har tri nøste igjen som eg ska fingerhekla, men det får bli ein annan dag. Målet mitt e å få dei i maskina ein dag - 4 lange slangar - og få ut igjen 4 tjukke slangar, goe og tova, som eg ska sy saman til eit sitteunderlag. Rundt og rundt og rundt... Mange kjekke bloggar der ute som inspirere og motivere.

Men mens eg tar ein liten pause frå handarbeid, og drikke litt herlig kakao, sitte eg her med skrivepulten og hørre på http://www.last.fm/ - anbefalast av Silje har eg hørt. Og så fant eg nåken koselige bilder frå somewhere in Bergen.


Jaja, vett kje heilt kæ dei bilane gjere der... friends, i guess.

Feb 10, 2008


I dag va d tid for tur - og vett dokken, me hadde to fall på turen!!!! Typisk Astrid! Men det gjekk bra, bare ganske festligt. Va ein del snø på veien me sko gå på, og snøen va hard som is. Men elles va d skikkeligt bra vårver, m sol som varma og ingenting vind.

Nå gler me oss t påsken - heim og nyta veret, plassen, laget, skiå og appelsin, kakao og kvikk lunsj. :D

Feb 7, 2008

Morsdag!

Morsdag e bra! Sko jo bare mangla at alle mødrer får ein dag i året der me kan visa kor stor pris me sette på alt det goda dei gjer! Så koffår ikkje gi dei 
to dagar? Det er ikkje verre enn å senda morsdagskortet litt for tidlig så kan det spre litt morsdagsglede øve to helger, og då komma jaffal kortet fram i god tid! :)
 
I dag såg eg på god morgen norge, og der spørte de folk på gatå om ke som ske til for at dei va heima ifrå arbeid når dei fekk influenså. Det besta svaret:
"Eg er aldri sjuke! Mor er sjukepleiar, så eg har egentlig aldri fått lov til å bli sjuk!"
 Som eg sko sagt det sjøl! :)

Jan 31, 2008

"Kom-i-godt-humør-bilde"

Jan 28, 2008

Mimre mimre

Såg så barske ut her...


Ah... herlig utsikt!
MÅ LE --- HAHA!
Tatt bilde sjøl, Klara?
Brassi 94

Sidan d ikkje skjer så masse på denne siå, benytte eg anledningå t å mimra litt. Eg klikka meg fram t nåken bilde frå sommaren 2005, d e jammen 2 og 1/2 år si, d. Og plassen e Kvilldal!!!
Sjøl om eg alltid syns vinter e bra, så konne me hatt d litt kjekkare m snø! Men rompeakebrett på 0,5 cm snø funke veldig greitt... Det har me fått testa ut nåken gonger i barnehagen. Festligt, ska kje så masse t for å skape humor og glede blant 2-åringar og deira voksne "tanter".
Nåken andre som har bra bilder å dela?

Jan 16, 2008

Ja,dette ser vel også veldig bra ut!!!

Hmmm..

D ser ikkje heilt rett ut detta? Elle ke?? Ei tå her og ei tå der..
Nå vente eg bare på røntegnbilde av ankelen t Rune :)

Dec 23, 2007

Ski i røldal!





Idag va ingunn, astrid og kjetil i røldal på ski. Ingunn på nytt utstyr! Det va ein kjekk tur, litt skodd g snø, men bra forhold.
Nå har synnøve og komt heim på julaferie,

og det kan sjå ut som me får ei kvit jul i år!