
Her e familien Bjørkly på vei bort til Gardsenden. Ser dokk lys i vinduå? I jår va heile gjengen her hjå oss, og då va me 18 til middag. Mor va litt redde for at me ikkje sko ha nok middag t alle, og jordeplene kokte helste sundt lenge før dei va ferdige, men alt gjekk bra, som vanlig. Det pleie å ordna seg til slutt.
Ja, må jo sei at me va i kyrkja i jår, 1. juledag, som tradisjon e. Mange folk å helsa på!
Her e min litlebror m søskenbarnet vårt, Asle... Lure på kæ dei tok seg t når d vart for masse voksenprat nere i stovå. Dei fant seg ein godkrok på låftet, der nye spel vart prøvt ut.

Latter e også noko som høyrer julå til! Har nokre ekspertar til å spre godt humør rundt oss her i bygda!
God jul til alle!
No comments:
Post a Comment