Dec 28, 2005

Kvilldal On Ice

Kvilldølingane samlast til ein time på Litla Jåvatnet.
Herlig oppleving, med stålis og knakande lydar.
Klara og Sigrid øvde seg på flotte piruettar,
Ingunn kom med sitt herliga julesnop.
Godt med litt bensin!
Og me her i Bjørkly gjorde så godt me kunne utpå isen.
Ingen dramatiske fall! Berre nokre gnagsår!

Mor ventar med pinnakjøt og lasagne.
For ein herlig fjerda juladag!

Dec 26, 2005

Me jular oss

Eit herlig kaldt ver her i Kvilldal, og me har vore i Gardsenden i juleselskap i kveld. Der kjem tante og onkel inn kvart år (6. året på rad i år) og feirar jul i hytta si. Åh, så kjekt d må vera, tenke eg. Så me får koma der og eta litt god mat samen m dei. Heldige me!

Her e familien Bjørkly på vei bort til Gardsenden. Ser dokk lys i vinduå? I jår va heile gjengen her hjå oss, og då va me 18 til middag. Mor va litt redde for at me ikkje sko ha nok middag t alle, og jordeplene kokte helste sundt lenge før dei va ferdige, men alt gjekk bra, som vanlig. Det pleie å ordna seg til slutt.

Ja, må jo sei at me va i kyrkja i jår, 1. juledag, som tradisjon e. Mange folk å helsa på!
Her e min litlebror m søskenbarnet vårt, Asle... Lure på kæ dei tok seg t når d vart for masse voksenprat nere i stovå. Dei fant seg ein godkrok på låftet, der nye spel vart prøvt ut.

Her i Kvilldal e d slekt og venner på alle kanter, og sjøl om det kan vera eit puslespel å finna tid til alle juleselskapå, så finn me nå roen også. :) Tid til å lesa Knoll og Tott, og tid til å prøva julegåver.
Latter e også noko som høyrer julå til! Har nokre ekspertar til å spre godt humør rundt oss her i bygda!

God jul til alle!

Dec 18, 2005

Gløgg eller kakao


E me ikkje nydelige? :) Nå har eg endelig komt meg t Bergen på besøk t Irene. Har våre ei kongehelg t nå, men d har våre litt vel kaldt ute. D hindra oss derimot ikkje t å stå i kø i ein time for å få med oss ein gratiskonsert med Vamp og Herborg Kråkevik. Alle så ville konne få gløgg mens de vente, så eg slo t å tenkte at d va varmt å godt, trur eg bør tenka øve at eg ikkje like gløgg neste gong :)

Elles så har eg lert at for 25 kroner så får me ein knakanes god cookie og to koppar kakao på 7-eleven. Kanskje d e derfor me ser ut som om me vil spy? T slutt så bare lure eg på om d e nåken så har sitt The Ring? D va nemligt ei jenta som stoppte opp å stirre på meg, eg ligna visst på ei i frå den filmen?

Dec 12, 2005

LUFTSLOTT

Ja, kæ betyr nå egentlig det?

Må rett og slett koma med ei lita anbefaling.
Til dei som har lyst å koma seg litt ut og oppleva litt meir kulturelle ting:
Lån deg ein GPS på Hordaland kunstsenter (ut mot Nordnes), og så tar du deg turen rundt om i sentrum på leit etter kunstverk. Når du nærmar deg eit mål, vil GPS'en spela musikk for deg. (Ukjent kva sort musikk det er...)

Dersom du har god utsikt, eller rett og slett ofte har utsikt mot Sandviksfjellet, så bør du vera litt obs på at nokre Hollywood-lignande ting vert montert opp snart. (Om dei då ikkje allereie er kome på plass.) Kva kjem det så til å stå på fjellsida? (Her kan du som lesar koma med forslag...stikkord: Arne Rygg)

Men: kjellaren på Hordaland kunstsenter er verdt å sjå.

Dec 5, 2005

Folk eg like å henga med...

I SULDAL ER EG HEIME...


Føle bare eg må oppklara ein ting: Det er Suldal som er heima for meg! Stavanger er faktisk 3, av og til 4, timar vekke frå Suldal. Og for å vera litt meir presis; Kvilldal er mi heimbygd! Dei som ikkje har vore i Kvilldal skal få lov til å sjå eit bilde av huset vårt, neri Bjørkly.

Kvilldal er ein populær plass. Nabogarden vår, Øystad (skogen "vår" høyre faktisk til denne garden), er no blitt solgt for meir pengar enn eg tore å skriva her...

Og til dei som ikkje har vore i Kvilldal ennå: Dokk e hjertelig velkomne der! Ska få is og graut av far!!! (Tåre faktisk å lova dokk det.)

Så, når eg nå har sagt det, så vil eg bare sei at eg fekk vore på juleshopping i Stavanger. Er i alle fall kome i gong, nå. Det er herlig. Desverre vart det ikkje nokon konsert på oss, sjøl om me faktisk tok i døra til Imi-kyrkja. Hjelpe ikkje det, når det heng lapp på døra at konserten er avlyst... KÆ SKJER!? Kan jo jaffal gi oss ei forklaring...

Litt irritert for tida, men det er enkelte lysglimt som gjer kvardagen min veldig bra for det om!