Aug 10, 2009

Denne bloggen e jammen verdt eit besøk.... http://www.blafre.com/
Utrulig mange stilige ting!
Må ha det, bare må ha det!
Sjekk og ut denne sida http://www.blafre.blogspot.com/ der har dei ein kjekke konkurranse gåande... :)

Aug 3, 2009

Kua!

Det du no skal få høyre, er ei historie om Kua frå Bergen. Dagar og år sidan budde Kua i ein stor leikebutikk på Galleriet. Dag ut og dag inn sat ho og skua utover butikken, i håp om at nokon ville ta ho med seg heim. Men det varte og det rakk, og sjeldan var det nokon som såg hennar veg.

Men ein sommardag kom det to lyshåra tvillingar inn i butikken. Dei fallt for den einsame Kua, og ville gjerne ha ho med seg heim til Bjørkly. Men prisen var høg, og dei hadde dårleg pengar, og difor måtte dei la Kua bli att i butikken. Før dei gjekk kviskra guten i øyra til Kua: "Ein dag kjem det nok nokon som vil ta deg med heim."

Seinare den sommaren var ein gjeng med guidar innom leikebutikken til Kua. Dei kom frå Sør-Europa, og var kome til Noreg for å sjå det vakre landet dei skulle visa turistar som kom på besøk. Dei la merke til den einsame Kua, og visste kva dei skulle gjera. Med oppsparte pengar kjøpte dei Kua og bar ho med seg ut av butikken og gjennom gatene. Kua tenkte med seg at no bar det vel ut på ei lang reis med både fly og båt, og det var ikkje heilt det ho hadde tenkt seg, men ho var glad for å få koma ut av Galleriet.

Guidane tok med seg Kua inn på ein buss, og overrekte Kua til sjølvaste bussjåføren. Han skulle få Kua som takk for omvisning, fin kjøring og godt humør. Bussjåføren takka stort og gav Kua ein god plass i
eit bussete. No bar det i veg på dei trongaste vegane, og over fjordar og gjennom tunnellar, før Kua endeleg fekk koma inn i sin nye heim. Bjørkavollen heite det der ho no skulle bu.

I dag er Kua fornøyd og glad. Ho har fått seg eige rom og eigen stol, og smiler dag ut og dag inn. Og slik gjekk det til at Kua som Bjørklytvillingane så gjerne ville ha, havna i Bjørkavollen på Sunnmøre.