Med dette vil eg seie at klokka mi ringte frå kl 5.30 til 6.05 i dag også, som så mange andre dagar i dette og det gamla året. Eg vakna og stabba meg rundt omkring i romma i huset... Badet, doen, trappa, gangen, kjellarstova, rommet mitt, gangen oppe, trappa, badet, og så kjøkkenet. Der fant eg alt av vinterkler som eg kunne få på meg, og tråkka ner i dei nye støvlane mine. Legg merke til: ingenting matche når eg skal ut av huset på morgonane.
Med nøkkelen, busskortet og mobilen godt planta i lommane mine, gjekk eg opp trappa kl 6.32. Akkurat passe tid til å nå bussen. Atter ein dag kom eg meg opp i tide. :) Hurra for det!
På vei oppover fortsatte eg å hoste. Glømte eg å nevna det?! Alle dei 27 minutta som eg hadde vore ut av senga mi, hosta eg altfor mykje. Beklage sambuarar!
Tilbake til trappa: Etter å ha diskutert høglydt med meg sjølv, og etter å ha prøvd ut stemmen min (det må eg gjera når eg er forkjølt for å finna ut om eg i det heile tatt har stemme. Litt flaut å koma til bussen og finna ut at ein ikkje ein gong kan sei "hei" til sjåføren...) så fant eg ut at "dette er for dumt". Eg forandra retning på støvlane mine, og kom meg ner att til døra. Det er berre dumt å koma på jobb når ein er så forkjølt. Eg hadde lyd når eg snakka, men eg hadde ein annan stemme, og så fortsatte eg berre å hoste... Lite vits i å spre alle Irene-bakteriane rundt om i Knarvik barnehage... Dei har nok å stri med der.
Tilbake i senga 6.55, etter å ha tatt nokon altfor tidlige telefonsamtalar. Merkeleg å finna ut at andre folk også er oppe så tidlig. Litt hås og altfor masse hosting....
Dagen min har gått med til ein ufyselig miks-i-samen-yttertøy-tur til den lokale butikken (med diverse heltar), masse TV-titting og ein GOD middag... Spøting kan jo og nevnast. No når det atter er blitt mørkt ute, vil eg konkludera med at eg ikkje er blitt betre, men at eg har funne ut at eg har levd ein dag som "student". Har fått med meg episodar av Home & Away, Gilmore Girls og 7th Heaven... Slikt er ikkje kvardagskost når ein er ute i full jobb.

ATHSJOOOOO.... dagen er snart over, men helga er berre så vidt begynt.