Oct 10, 2005

Hausthelg i Kvilldal



"Først lenge etterpå, når det er for seint, vet man hvilke år som var de lykkelige."

(Per Anders Fogelström)

Er dette sant???

Uansett, søskena Bjørkly var nok ein gong samla heime hjå mor og far. Me fekk nyta eit herleg haustver, og det var godt å få i litt av mor sin herleg mat. (Me to eldste drog med oss eit lite lager også... eller, va vel meir natur-mat, det.. pærer og blåbær...)

Dette sitatet er til mor: "Man kan alltid spise pai." (frå filmen "Pulp Fiction")

Plops... uti vatnet. Eg fekk faktisk muligheten til å bli litt irritert då eg skulle prøva å kryssa åno, for så å finna ut at steinane ikkje var heilt tørre og skoa mine ikkje var ruglete nok under... Så der sat eg, med hendene opp for å hindre at gåva til 2-åringen ikkje skulle verta blaut...

Pang... Astrid og eg var midt i elgajaktå.... føltes i alle fall slik. Me frøys til, og fant ut at det var best å synga høgt. (Men Astrid hadde jo allereie fortalt heile verda at me var i skogen då ho trødde ein halv meter ned i ei myr...) Ikkje sant, Astrid? Me er lure!